tirsdag, november 10, 2009

lav terskel

video

lørdag, november 07, 2009

Bergen rapport



Tilstand quo...

Øyvind med influensevaksine ifrå Svein
Bålkveld på Fløien
Tida går og eksamen må også bestås i år
Oppgåve innlevering vs. kaffi framføre peisen?

tirsdag, november 03, 2009

Utland, ooo store du


I tru på alt anna enn skuleliv la döublën Kjedill og undernemde ut på ferda til den vestlege enden av Afrika. Her kjem ei kort beretning om ferda.

Ikkje mykje hadde Bergen å tilby denne veka, foruten om innleveringar og fare for opplett. Difor etter ein kort travers av landet med nsb, og eit snitt av opphald hjå oslobrekslene ankom me handelsbyen og det gamle Marrakech. Kulturelle innslag i plenti sette preg på kvelden, og byens larm blei fora inn gjennom alle kanala. Dagen der på blei gjennomført ved å utfolde utanlansk trafikk i ein liten KIA, og kjøyre mot Todra de Gorges. Hovudattraksjonen for turen. Framme etter å ha forsert Atlasrekka, politikontrollar, unfunksjonelle lyskryss, og knappe svingar som ikkje høver seg utanfor Noregs land og rike, ankom me dalen. Spektakulært! Krybba for dei neste dagane låg under eit digert overheng, og var som signa for vår økonomiske kapasitanse. Dagane her blei prega av solklatring, marrokansk vennleg innblanding, og kulturelle inntrykk. Der blandt anna ei teselskap med fem språk i god foreining rundt det felles mål å få
selt eit tre månadars teppearbeid til oss. Visst nokon har evna til salg av varer er det desse bererane og nomadefolket. Meir intrikat frammgangsprosedyre for salg skal ein leite lenge etter.



Sidan dagane gjekk og bergen forsatt ikkje frista reiste me vidare frå dalen etter fire dagar, og mykje klatring, til kysten. Med ein stopp i Atlasfjella for skoding av stjernehimmelen og semifriluftsliv ankom me Essaouir dagen efter. I motsettning til innlandet og gode og tørre forhold satsa me på bølgekunsten, og sandslikking i ei skjønn foreing av gode 30 grader, strålandes sol, og alovera som botingsmiddel. På kvelden blei stemmininga satt av aladdins tronge gater, teppesalg, mintte, "my friend, just look" - samtalar, og så spennande matrettar som eit snevert studentbudsjett kan hoste opp. Etter både kvelslege forfyljingar og surfeliv sette me kursen tilbake mot handelstaden med ein stopp lang maurbesett natur for natta. Før avreise blei kongens palass prøvd nådd, slangar tafsa på, og kulturelle innkjøp unnagjort på siste slant. Der etter venta heimturen, og gode gamle Noreg.

Amen

onsdag, oktober 14, 2009

Marokko



Neste torsdag braka det laust. I samband med personleg von til eventyr sett doublën Kjedill og undernemde utfor på eventyr til vestdelen av Sahara, nærmare sagt Marokko. Ferda vil streife innom oslo to gonga, så håper oslofolket kan ta imot ein stakkars student på ferda mot dei sydlegare liggande strøk. Målet vil bli Toudra de Gorge, marknaden i marrakech, og muligens ein liten snus på altlanteren. Eventyr, ej tek selebuksa på!

søndag, oktober 11, 2009

Skibaluba!


Alpin start. Idag får obligatorisk undervisning vere obligatorisk undervisning.
Grunnlaget for skisesongen skal leggjast. Dette er omlag jamngodt med den fyrste snøven.
Den mest ivrige i Bordellet var framtenkt og hadde leigd inn berar for høvet, og hadde forsvunne før vi andre hadde fått slumra frå oss. Frukosten med ein tilhøyrande kaffikopp vart implementert i kroppen medan PlayStationen oppdaterte oss på tilstanden i verda.

Som torrfiskhaud i Henningsvær, innimellom meter på meter av billeg Gore-Tex, underprisa plaststøvlar, søt norsk karbon og ski med prisar sjølv ein student kan klare å punge ut for, står vi og kikar oss rundt. Det er ikkje mangel på raude lappar med stort sett svært hyggjelege talkombinasjonar. Det er det nærmaste du kan kome julaftan i oktober


Etter endt raid var det greitt å finne ei handlevogn på veg heim